For å kunne delta i debattar lyt ein vere registrert som medlem hos Origo. På denne måten er nettstaden noko sikrare mot spontane anonyme innlegg, og vil forhåpentligvis føre til at synspunkt frå nettdebattantane vert meir gjennomtenkte. Ved registrering lyt ein ha moglegheit for å kunne motta passordet på eigen mobiltelefon via SMS. Registreringa er gratis og kan gjerast frå denne sida.

skulesaken i samnanger kommune

ja då har eg vøre på den aller siste juletrefesten på nordbygda skule, svært vemodigt for elevar, lærara og oss foreldre som har brukt mange dugnadstima i høst til inga nytte, me føler oss litt tråkka på ja..
eg vil no hevda at når me sang deilig er jorden i kveld var det mange som hadde ei tåre i auggekroken, og diskusjonen går allerede no: ka vert navnet på den nye skulen, det blir vel ikkje gjerde skule vel? og eg er vel også av den oppfatninga at no når saken er eit faktum må navnet bli samnanger barneskule, me har jo samnanger ungdomsskule allerede. håpar mange har synspunkter omkring dette, navnekonkurranse me må ha eit nytt felles navn på skulen vår meiner no eg og fleire…….

Til offentleg gjennomsyn - framlegg til budsjett 2010 og økonomiplan 2010-2013

Personal- og økonomiutvalet behandla 12. og 13.11.2009 rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2010 og til økonomiplan for perioden 2010 – 2013. Etter behandlinga i personal- og økonomiutvalet går desse to sakene vidare til endeleg behandling i kommunestyret 10.12.2009. 

I perioden 19.11.2009 – 09.12.2010 vert budsjettframlegget og framlegget til økonomiplan lagt ut til offentleg gjennomsyn i ekspedisjonen på kommunehuset.   

Rådmannen har i samband med budsjettarbeidet utarbeidd eit dokument – “Budsjett 2010 – Rådmannen sitt framlegg – Merknader” – der det framgår kva vurderingar og prioriteringar som er gjort i budsjettarbeidet.

Personal- og økonomiutvalet sine endringar i forhold til rådmannen sitt budsjettframlegg framgår av møtebok/vedtaktstekst frå møte 12. og 13.11.2009. 

Personal- og økonomiutvalet sitt framlegg til økonomiplan 2010 – 2013 framgår av møtebok/vedtakstekst frå møte 12. og 13.11.2009. 

Nedanfor kan du lasta ned både rådmannen sine budsjettmerknader og utskrift av Personal- og økonomiutvalet sitt vedtak om budsjett 2010 og økonomiplan 2010 – 2013. Sjølve budsjettframlegget (taldelen) vert berre lagt ut i ekspedisjonen på kommunehuset. 

Last ned dokumenta her (PDF-format):

Skulebruksplanen - nokre spørsmål og kommentarar

Skuleplanen har tre hovudalternativ til løysing for åra 2010 – 2014. Fleirtalet i kommunestyret tilrår eitt alternativ(1.-3- klasse på Nordbygda, 4.-7.klasse på Gjerde) og sender så planen på høyring. Kvifor denne framgangsmåten? Vil kommunestyret senda eit tydeleg signal og “hjelpa” høyringsinstansane? Har kanskje fleirtalet alt no behov for å laga ei god tilråding til seinare vedtak? – Eller kan det vera at det heile er lite gjennomtenkt og nærast eit arbeidsuhell? Om vi ser på konsekvensane av vedtaket er det mykje som tyder på at det er det siste som er tilfellet:

Sfo(med leksehjelp?) på to skular. Dei yngste barna i det området som har flest elevar(Steinsland,Gjerde,Lønnebakken) må reisa med buss til og frå skulen.Alle borna må dessutan byta skule alt etter 3.klasse. Er denne løysinga best for borna?

Skulebruksplanen Samnanger.

kjære alle foreldre og andre intereserte engasjer deg. gi oss tilbakemelding. delta i høyringa. som kommunepolitiker er eg her og vil lytte,. Helga Nygård.

Val av langsiktige løysingar

Det har kome spørsmål om ein alt no skal kommentera den langsiktige delen i skulebruksplanen, eller om ein berre skal uttala seg om det kortsiktige perspektivet. Kommunestyret ynskjer sterkt at ein kjem med tankar også når det gjeld løysingane for 2014 – 2020 slik dei er skisserte i tabell 5.2 s 72 i planutkastet. Me treng signal til det vidare arbeidet og beslutningane som skal takast.

Marit A. Aase

Skulebruksplan for Samnanger 2009 - 2020 - Høyring

Samnanger kommunestyre handsama 01.10.2009 sak om skulebruksplan for Samnanger kommune 2009 – 2020 (”Samnangerskulen fram mot 2020”). Det vart gjort vedtak om å leggja framlegg til skulebruksplan ut på offentleg høyring i perioden 08.10.2009 – 29.10.2009. Framlegget m/vedlegg kan du lasta ned nedanfor.

Ved å registrera deg som brukar her på origo.no vil du også ha høve til å kommentera framlegget og til å koma med innspel i saka.

Samnanger kommune

Følgt av 13 medlemmar.

Sona er opa for alle. Alle medlemmar pliktar å fylgje det oppsette regelverket som ser slik ut:

1. Alle innlegg skal underteiknast med fullt namn. Anonyme innlegg vert sletta utan nærare varsel.

2. Innlegg som strid mot norsk lov vert sletta.

3. Innlegg som ikkje held seg til sak vert ikkje tilletne. Personangrep og injurierande innlegg vert fjerna utan varsel.

4. Bruk alminneleg folkeskikk. Ha respekt for at andre kan meine andre ting enn deg sjølv.

5. Skriv innlegga på norsk. Prøv å bruk så godt språk som mogeleg. Ver obs på teiknsetjing og rettskriving. Les gjennom to gangar før du publiserar innlegget. Unngå bruk av MSN og SMS-språk (forkortingar, smilefjes o.l.).

6. Alle som bidreg er ansvarlege for det dei skriv.

7. Det er ikkje tillete å publisere det same innlegget fleire gangar på rad, såkalla ”spamming”.

8. Bruk av sona for kommersielle føremål er ikkje tillete (reklame o.l.).

9. Innhaldet skal primært vere relatert til høyringar i Samnanger Kommune. Dersom ein ynskjer å debattere andre saker, sjå om det finst andre soner som passar betre, eller opprett di eiga sone.

10. Hald ein god tone, og gjer ditt beste for å skape ei positiv, skapande og inkluderande sone.

11. Ved brot av ein eller fleire reglar får ein ei åtvaring. Etter tredje åtvaring vert ein utestengd frå sona.

Klager skal meldast inn til ein av moderatorane. Moderatorane skal ikkje redigere debattar på eigne innlegg.

Moderatorar i sona er:

  • Hilde-Lill Våge
  • Jan Erik Boge
  • Anders-Ove Tveit Meir om sona
Origo Samnanger kommune er ei sone på Origo. Les meir
Annonse